Utstyrstestar og rutekommentarar

22.07.2006 21:37


Hei og hå!

Det har gått ei tid sidan eg stod ytterst i havgapet på Knivskjellodden heilt der i nord. Ein avsluttning i t-skjorte, solbriller og eit fantastisk vèr! No som eg har vendt tilbake til sivlisasjonen er det ikkje sjeldan tankane mine flyr opp i fjella til alle dei flotte minnene frå turen.

I det siste har eg lagt ut ganske omfattande rutekommentarar til den ruta eg gjekk. I tillegg har eg lagt ut erfaringar og testar for det meste av turutrustninga eg hadde med meg

Vis rutekommentarar

Vis utstyrserfaringar

Vis Bildegalleri

Vis Artikkel med tekst og bilder frå turen

Les alle innlegg i bloggen –>

Ei veke etter

15.05.2006 18:29

Det er gått vel ei veke etter at eg nådde Nordkapp. Det har vore ein ganske stor overgang å vende tilbake til “det normale liv” igjen, men det har no gått bra.

Frå seint mandags kveld til torsdag morgon var eg hos ein kammerat i Tromsø. Det vart mykje god mat, avslapping og kino. Eg kom også over nokon nye telemarkski til halv pris då vi var innom ein sportsbutikk og måtte bare slå til. Det var heldigvis ungdomsbiletter igjen hos Sas Braathens, så då kom eg meg sørover utan å bli heilt ruinert. På flyet til Stavanger var det ingen tvil om at eg nærma meg; dialektane til folket ombord var utelukkande frå rogalendinger. På Sola hadde fleire frå familien møtt opp med blomar og norske flag! Svært så hyggeleg!

I dagane etterpå har eg besøkt litt venner og familie. Dei aller fleste er ganske nyssgjerrige og vil høyra meir om turen. Litt datafikling har det også blitt dei siste dagane, lista over ting eg bør få gjort snart, er lang. Turutstyret er temmeleg kaotisk for tida og det skal snart bli stua vekk til neste vinter. Imiddlertid er eg igong med ei grundig evaluering av

Hurtigruta

08.05.2006 21:14

Det var ein fin kveld i Honningsvåg igår. Vindstille, sol og t-skjorte-vær. Eg satte opp teltet, for siste gong på denne turen, like utanfor sentrum. Seint på kvelden kom det varsla væromslaget. Vinden endra rettning og kom i sterke kast. Teltet var litt sløvt satt opp og pluggane gjekk bare så vidt nedi. 3 bardunar og nokre steinar hjalp imiddlertid ganske bra, så det stod greit nok. Likevel blafra det ganske godt og det vart ikkje så veldig god søvn. Eg måtte også tidleg opp og like over kl 5 gjekk eg innover til kaien. Hurtigruteskipet “Richard With” kom tøffande innover i bølgene og litt over kl 6 kunne eg gå ombord. Dama i resepsjonen ga meg eit greit tilbod då eg sa eg hadde gått Norge på langs. “Det høyres langt ut…” Etter å ha skrevet ut biletten, kom ho tydelegvis på at det var ein “kulare” måte å ordne det på. Så då fekk eg også lugar og det heile til ein super pris. Takk takk!

Lugaren kom godt med, var ganske trøtt. Det har også vore ein god del bølger, så det har


 

Etappe15: Skaidi - Nordkapp


Rutekart> Trykk på kartet for meir informasjon

Siste frå turloggen

Tid/dato: 07.05.2006 11:45
Stad: Nordkapp
Etappe: 15.x framme!
Vis informasjon
Melding
Kom fram til Nordkappsenteret kl 11.45 idag 7.mai 2006. Turen er offisielt over og dette er siste turlogg. Nettsidene vil fortsatt oppdateres framover med mykje tekst, bilder og video!
Vèrrapport
01_klarver_dag2.gif
Sol og skyfritt. Frisk bris ved globen
oppdatert på web 07.05.2006 17:47

Vis turlogg >>










 


 

Vinteren 2006 skal eg gå turen frå Lindesnes i sør til Nordkapp i nord. Godt og vel 2500km skal bli tilbakelagt i løpet av 100-120 dagar. Ruta går gjennom dei norske vinterfjella med ski og pulk


Norge på langs?
Eg går turen først og fremt fordi ”Norge på langs” er eit skikkeleg eventyr, ei fantastisk oppleving. Det er også spesielt å gå så lenge på tur, det blir ei ny erfaring for meg. Eg har lest om mange som har gått denne turen og motivasjonen har bygd seg opp gjennom fleire år. No har eg endeleg sjansen og eg gler meg veldig.

Turen startar frå Lindesnes lørdag 14. januar 2006

Under turen blir desse nettsidene oppdatert fortløpande, med både tekst, bilde og video


Planlegging
Nøye planlegging og førebuingar er ein del av turen. Ruta skal planleggast og sjekkast nøye. Transport og logistikk skal planleggast, middagsmat skal tørkast, lunsjkaker skal bakast, turutstyret må framskaffast og det er i det heile mykje å tenka på!

Utfordringar
Dei største utfordringane er kanskje lengden på turen og at eg går mesteparten åleine. Eg reknar med å bruke godt og vel 100 dagar og det er ganske lang tid å vera ut på tur. Ein etappe er typisk på mellom 7 og 10 dagar før eg kjem til ein meir eller mindre sivilisert stad, der eg ofte vil ta ein kviledag. Undervegs kjem eg også til å treffe på venner og kjente, noko som er med på å halde oppe motivasjonen.



breogfjellsport.no er ei side som formidlar turglede og inspirerer til eit aktivt og allsidig friluftsliv. Her finn du mykje forskjellig, alt frå tinderangling til korte turar i skogen.

Nettstaden drives av meg og eit par vennar. Vi driv sidene utan noko form for reklame eller komersiell aktivitet.

Ein artikkel om turen:
Norge på langs 2006
Frå januar til mai 2006 gjekk eg åleine heile frå Linesnes til Nordkapp, eit strekk på om lag 2600km. Her har eg skrivd litt om turen.
Les meir her   [06.02.2007]
Mat til Norge på langs-turen:
Tørking av mat!
På turen frå Lindesnes til Nordkapp skal eg ha med ein god del tørka middagsmat og i denne artikkelen kan du lesa litt om korleis dette blir laga til. På turen vil eg kunne veksle mellom minst 14 forskjellige middagsrettar!
Les meir her   [04.12.2005]
Førebuingar til tur:
Tur-utrustning til Norge på langs
Eg er i full gang med å velje ut og kjøpe inn utstyr som skal med på Norge på langs turen. Det blir ei ganske allsidig utrustning som skal med, sidan temperatur, vind og føre kan vera særs vekslande.
Les meir her   [04.12.2005]